fredag 3. desember 2010

Thailand

Etter ein 16 timers lang busstur, med uutholdelege ventetider på grensa, ankom vi endeleg Bangkok. Dette var ein verkeleg storby med store skyskraparar, og her kunne ein finne alt ein kan ønskje seg. Trass ei søvnlaus natt på bussen, drog vi rett på shopping i eit svært så ekslusivt kjøpesenter. Det vart eit kort opphald for denne gong, og allereide neste dag drog vi vidare til strandbyen Hua Hin, kun 2 timar frå Bangkok. Dette var som å komme "heim", da det krydde av skandinaviske turistar. Vi hadde på forhånd bestemt oss for å unne oss et opphold på luksushotell, og etter lang tids trasking med svette gigantsekkar på ryggen og skeive blikk frå resepsjonistar som trudde vi hadde gått feil, fann vi eit fint hotell som ikkje sprengte budsjettet vårt. Her blei vi verande 3 nette, og dagane vart hovedsakleg tilbrakt på stranda. Dei lange svømmeturane blei det ikkje, då frykta for dødsmanetar tok overhand.






Så bar det tilbake til Bangkok. Nye kjøpesenter venta på oss her. Vi budde på Khaosan road, som krydde av kafear, barar, gateselgarar, gjesthus og ikkje minst turistar. Ei veldig fargerik gate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar